Takk for mange kjekke stunder, og samarbeidet med Slektsbanken. God kvila!
Til minne
Til minne om Bjørnar Withbro
Bjørnar gjekk bort 10. april, og med han er mykje av historia til Stord folkebibliotek også gått tapt. Han byrja å jobba på biblioteket året etter at kulturhuset var nytt, og var biblioteksjef heilt til han gjekk av for snart fire år sidan.
Me ønskjer å seia noko om Bjørnar som menneske. Det var nok ikkje alltid lett å vera sjef for mange kvinner med sterke meiningar, men han takla det godt. Kvar 8. mars fekk me kake, noko me tek som eit teikn på at han sette pris på oss. Personalet fekk mange utfordringar og mykje fridom.
Han var oppteken av at me skulle ha det godt på jobb. Dersom du ikkje hadde det heilt greitt, spurde han korleis det stod til. Alle bursdagane til dei tilsette blei feira med dekka bord og kake i lunsjen, og sjølvsagt blei også Bjørnar sin bursdag markert. Det var alltid ein lun og god stemning rundt bordet. Då kunne Bjørnar gjerne koma med humoristiske kommentarar og forteljingar. Om det var trønderhumor eller Bjørnarhumor er ikkje godt å seia me fekk i alle fall mange gode latterkuler.
Han kjøpte seg aldri leilegheit på Stord det meinte han at han ikkje hadde bruk for. I staden blei det seks mastergrader, og sikkert mange fleire enkeltfag. Safen på biblioteket var fylt med vitnemål og dokument frå alle studia han hadde fullført. Då han slutta og tømde safen, stod den tom utan nytte lenger.
Bjørnar var ein tenkjande mann, og stilte ofte spørsmål under arrangement på biblioteket. Det var ikkje alltid like lett å svara, for spørsmåla kravde at ein hadde god kunnskap om emnet.
Biblioteket var livet til Bjørnar. Han la mykje av energien sin i arbeidet, og tok gjerne ekstravakter for å sikre at me alltid hadde nok folk på jobb.
Ti dagar før han gjekk bort, fekk Kristine Thorkildsen høve til å besøkje han i Trondheim. Han var kroppsleg svekka, men i godt humør, og diskuterte både politikk og litteratur. Han var framleis oppteken av kollegaene sine på Stord, og helsa varmt til alle kjente.
Gamle kollegaer minnest deg med takksemd og varme.