I ljust minne bevarad..
Gode varme tankar til familien i sorg og sakn🌹
Kåre er ikkje borte frå oss, endå om han no er død og fysisk borte,
Slik vil han leve lenge i mange sine hovud..
Kondolerer til kvar i sær av dei næraste, til Gaute og Ellen og til alle barnebarna.
Eg takkar Kåre for vennskap, slektskap og naboskap i barndommen på Fjørtoft og på studentbyen på Moholt i siste halvdelen av 1960 åra. Anne var også der då. Det var gode og vonde dagar. Men eg hugsar ikkje ein einaste gong at det fall vonde ord mellom oss. Kåre fekk løfta situasjon med at han var der, med si gode evne til å verbalisere og vere tydeleg.
Du fekk ufortent fysisk smerte dei siste åra. På Ila sykehjem fekk du lindrande pleie frå behagleg betening, og du hade familie og venner som stakk innom innimellom. . Likevel var du nok forsona med at det gjekk mot slutten då eg traff deg siste gongen.
.Kvil i fred.
Frå Kari
Det er godt å endeleg få ro , Kåre. Det skal vi alle, og no var det di tid. Vi vil minnast deg med det underfundige humøret du viste, og då kjem kona di Anne også med.
Eg minnest ein fin, varm seinsommarkveld på prammen i Nidelven, ved den gamle bybrua, der de sat og kosa dykk med venner. Eg var i byen på eit møte, og fekk helse på og sitte ei liten time i dykkar selskap. Det vil eg ta med vidare, Kåre.
Kvil i fred, no e du fri.
Takk for alle gode minna - og dei herlege kommentarane dine
Vi sender varme tankar i ei tung tid.💙
Takk for alt du var for meg, min kjære venn!
Din smittende latter, din underfundige humor, din hjertevarme, raushet og klokskap, vil aldri bli glemt!
De vil alltid ha en flik av hjertet mitt!
Kjære Kåre, kjære søskenbarn.
Kanskje det er meiningslaust å vende seg til deg no når du har takka av. Men det er desse minna, desse levande minna som gir meining likevel. Minne som er og vil vere.
Så takk, Kåre, for omsorga di, for evna til å inkludere, lytte, det lune smilet og den opne, smittande, ofte høgtlydande latteren, den underfundige replikken, stundom av det godlune, tergande slaget, kreativiteten din, engasjementet ditt.
For meg personleg var du meir som ein storebror under oppveksten, ein storebror som irettesette, men og viste merksemd og omsorg.
No, Kåre, fortener du kvild.
Takk frå oss alle i Kongsvika.
Vemodig å sjå at min gode ven frå realskuletida i Brattvåg 58-60 no er borte. Han bodde i grannehuset, og vi var saman i timevis nesten kvar dag. Mellom anna laga vi stoff til den vidgjetne grønrussavisa, som seinare vart tungt plagiert i andre russeaviser. Den svært skriveføre og tidleg modne Kust var redaktør. Vi fekk telefonkontakt for nokre år sidan og avtalte å treffast, men etter det gjekk det visst litt for fort nedover, for det neste vi høyrde, var at han var svært sjuk. Han lever i minnet.
Ørnen har landet. Et langt og levd liv er slutt. Det var godt du fikk fred nå, pappa. Jeg velger å tro at du er hos mamma nå. Minnene lever.