På vegne av tidlegare kollegaer ved Norges byggforskningsinstitutt, SINTEF og NTNU. Terje Jacobsen, Einar Bergheim og Tore Kvande
2023-09-19
Minneord om Alf Magne Waldum
Alf Magne Waldum gjekk bort 11.september, 83 år. Med det har ein av dei største kunnskapsleverandørane til norsk murbransje gått bort.
Alf kom frå Meråker, men flytta seinare til Trondheim for utdanning ved NTH. Han var sivilingeniør frå 1965, og jobba deretter med undervising og forsking ved NTH i nær 20 år inkludert eit viktig år som gjesteforskar ved University of Colorado Boulder, før han i 1985 gjekk over til Norges byggforskningsinstitutt. Her var han i 20 år før han gjekk av med pensjon.
Ved Byggforsk hadde Alf ein formidabel produksjon med over 1400 rapportar for norsk næringsliv i tillegg til ei lang rekke tekniske fagartiklar, anvisingar i Byggforskserien og vitskapelege artiklar. Det som gjer produksjonen enda meir imponerande, er at dette ikkje dreier seg om rutineprega laboratorierapportar, men om unike utgreiingar om spesifikke problemstillingar. Alf yta alltid sist beste for at kunden skulle få optimal nytte av Byggforsk sitt engasjement.
Det var murverk og keramiske bygningsmaterial som var Alf sitt sterke fagfelt. Her vart han ein nestor også internasjonalt gjennom aktivt arbeid i ulike standardiseringskomitear og internasjonale prosjekt. På vitskapelege konferansar var det Alf alle samla seg om for å lære av den unike kompetansen han hadde innafor fagfeltet og for å ta del i hans faglege nettverk.
Alf var spesielt viktig i gjenoppdaginga av kunnskapen om framstilling og bruk av kalkmørtlar til restaurering av historiske byggverk som Det kongelege slottet, Kristiansten festning og Nidarosdomen. Problemstillingane kravde engasjement av eit breitt spekter av fag nasjonalt som internasjonalt, noko som Alf med sin nysgjerrige natur klarte å få til. Engasjementet gjorde Alf til eit toneangivande medlem i RILEM-komiteen Characterization of old mortars with respect to their repais.
Som kollega var Alf ein bauta, alltid tilgjengeleg med støtte og gode råd. Spesielt var han oppmerksam på nye tilsette. For Alf var historia viktig for å utvikle ny forståing.
Våre tankar går til Ingebjørg, deira tre søner Arnstein, Håvard og Bård, svigerbarn og barnebarn som Alf var så stolt over og snakka om med varme. Fred over ditt gode minne, Alf.
På vegne av tidlegare kollegaer ved Norges byggforskningsinstitutt, SINTEF og NTNU.
Terje Jacobsen, Einar Bergheim og Tore Kvande
(Lagt ut i Adresseavisen 19. september)